Stor stemning på Tysnes Arbeidarparti sin siste stand i valkampen.

Det var stor stemning og mange medlemmer hadde satt av laurdagsformiddagen for å vera med på vår siste stand denne valkampen.

Våge vart farga raudt mellom 11 og 14 av roser, og blide medlemmer frå Tysnes Arbeiderparti. Mykje folk kom innom standen vår for å visa sympati og støtte i innspurten, og nokon hadde sågar kledd seg litt “ekstra” opp for anledningen.

Me i Tysnes Arbeiderparti er sjølvsagt utrulig glad for denne støtta, men det er ein ting som hever seg over alt og det er at Else og Sigurd Vik på 82 og 77 kom for å vera med oss på stand. Det er rett og slett fantastisk at to seniorar er med oss på denne måten.

På spørsmål om kvifor dei har satt av formiddagen på denne måten, sier Else og Sigurd at dei alltid har røysta på Arbeidepartiet, og at det no er på høg tid med ei forandring på Tysnes. Deira oppfordring til dei forbipasserande var heilt klar. Stem Arbeiderpartiet 12. september.

Vist 130 ganger. Følges av 1 person.